Kinn Kommune

Koronavirus

06.03.2020 12.44

Kinn kulturskule har opna for undervisning og søknad til nytt skuleår

Kinn kulturskule har opna for undervisning og søknad til nytt skuleår

Klikk for stort bileteKulturskulen opnar igjen for vanleg undervisning, og du kan no søkje elevplass til skuleåret 2020-2021!Etter lenger tid med digital undervisning har Kinn kulturskule no opna for vanleg undervisning. No er det også ope for å søke seg inn til skuleåret 2020 – 2021.

Rektor Arne Sunnarvik har i lag med sine tilsette sikra at alle har fått gjennomført digitalundervisning i perioden med koronarestriksjonar. Tilbodet har femna om dei fleste digitale plattformer, slik at tilbodet har blitt tilpassa den einskilde elev sitt behov. Men denne veka har kulturskulen opna for vanleg undervisning i tråd med nasjonale smitteverntiltak.

Skuleåret 2020-2021

Alle er velkomne til å søke elevplass i kulturskulen heile året. Grunna opptaksarbeid og for at du skal kunne sikre deg plass, kan det være lurt å søke innan 1. juni i år. Både barn og vaksne kan søke, men barn og ungdom vert prioritert. Kulturskulen er for alle som vil.

Søknadsordning for økonomisk vansklegstilte

Det er tilfelle der økonomien for å delta på kulturskulen er vanskeleg. Difor har Kinn kulturskule samarbeid med Frivilligsentralen, slik at du kan søke økonomisk støtte for å delta. Dette gjeld barn og ungdom.

Meir informasjon om tilbod og søknadsskjema finn du på Kinn kulturskule si heimeside.