Kinn Kommune

Aktuelt

23.06.2022 08.43

Kinn kommune satsar på frivilligheita!

Kinn kommune satsar på frivilligheita!

Vi ønskjer å utarbeide ein frivilligpolitikk og har inngått eit samarbeid med Frivillighet Norge. Som ein del av samarbeidet skal kommunen saman med Frivillighet Norge gjennomføre ein innspelkonferanse i formannskapssalen i Måløy, og på kulturhuset i Florø, med lag og foreiningar i Kinn 2 mai frå kl. 18.00. Her ønskjer vi alle foreiningar i kommunen hjarteleg velkomen for å gje innspel til frivilligpolitikken.   

- Kommunen er avhengig av at det finnast eit aktivt og levande foreiningsliv. Dette er av heilt grunnleggjande betydning for å skape eit inkluderande og levande lokalsamfunn som folk trivast i, seier kultursjef Odd Gunnar Myhre. Vi har god dialog med frivilligheita, men no ønskjer vi å utvikle samarbeidet vidare. Saman med foreiningane er vi klare for å gjere nye grep i frivilligpolitikken.    

- Vi er glad for at vi kan samarbeide med Kinn i kommunen si utvikling av sin frivilligpolitikk - seier seniorrådgjevar Bjørn Lindstad i Frivillighet Norge. - Vi oppfattar at kommunen har gjort mange av dei riktige grepa. Innspelkonferansen opnar for at det blir ein enno tettare dialog med frivillige lag og foreiningar framover. Det er ein nøkkelfaktor i utarbeidinga av ein frivilligpolitikk.   

Vi ønskjer innspel frå frivillige lag og foreiningar 

Tema for kveldskonferansen er; samspel og samarbeid mellom frivillige foreiningar og kommunen. Frivillighet Norge skal mellom anna snakke om det frivillige si rolle og medverknad for utvikling av lokalsamfunnet, og verdien av samarbeid mellom foreiningar og med kommunen. - I tillegg gjennomfører kommunen ein innspelprosess der foreiningane kan kome med innspel til kommunen sin frivilligpolitikk. Vi oppfordrar derfor alle typar foreiningar til å delta – seier Lindstad.   

Det er enkelt å delta, og påmelding skjer via e-post til bente.nilsen@kinn.kommune.no