Kinn Kommune

Aktuelt

23.06.2022 08.43

Kinn kommune har signert avtale med Eikefjord idrettslag

Kinn kommune har signert avtale med Eikefjord idrettslag

Kinn kommune har signert avtale om drift av Eikefjord fleirbrukshall og Eikefjord stadion. Frå venstre: Kjetil Høidal, Per Øyvind Sørbø og Frode Ellingsund - Klikk for stort bileteKinn kommune har signert avtale om drift av Eikefjord fleirbrukshall og Eikefjord stadion. Dette inneber at EIL skal handtere treningstider, låsesystem og utleige av anlegga. Kommunen har framleis ansvaret for teknisk drift. 

Idrettslaget blir "herre i eige hus" og har rett til å framleige til andre aktørar. Frå kommunen var det Frode Ellingsund som signerte, og Eikefjord idrettslag stilte med leiar Per Øyvind Sørbø. Avtala er gjeldande frå 10. juni, men reint praktisk er det frå hausten den blir iverksett.