Kinn Kommune

Koronavirus

Nasjonal informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge og Folkehelseinstituttet.

Ingen nye koronasmitta personar i Kinn det siste døgnet (oppdatert 4. desember 2020).

04.12.2020 08.05

Kinn kommune har fått tildelt "Leve heile livet"-prisen 2020!

Kinn kommune har fått tildelt "Leve heile livet"-prisen 2020!

Klikk for stort bileteKinn kommune vann "Leve heile livet"-prisen 2020!Helse- og omsorgsdepartementet har i dag tildelt Kinn kommune årets "Leve heile livet"-pris. Prisen vart delt ut av helse- og omsorgsminister Bent Høie under "Leve heile livet"-konferansen onsdag 18. november.

Utdelinga fann stad digitalt, og ordførar Ola Teigen fekk prisen overrekt av fylkesmannen i Vestland, Lars Sponheim.

"Kinn kommune er eit døme til etterfølgelse fordi dei har brukarperspektivet med heile vegen, samtidig som dei har forankra reforma politisk", seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Som ein del av kvalitetsreforma for eldre, «Leve hele livet», delast det årleg ut ein nasjonal «Leve hele livet»-pris. 2020 blei eit annleis år på grunn av koronaviruset, også i arbeidet med reforma. Difor vart det avgjort at prisen skulle tildelast ein kommune som hadde satt i gang gode tiltak for at eldre fekk oppretthalde aktive og meiningsfulle dagar.

I vurderinga har juryen vore opptatt av å sjå om kommunane som søkjer prisen har planlagt og sett i verk innovative tiltak for å sikre at seniorane får halde oppe aktiviteten sin og sosial kontakt i denne krevjande tida. Vidare har dei sett på om kommunar som har sett i verk nytenkjande tiltak har identifisert og verdsett seniorressursar i lokalsamfunnet på nye måtar i ei krisetid der seniorbefolkninga har vore spesielt utsett.

Grunngjevinga til juryen

Juryen framhevar at det er kvalitet over arbeidet til årets prisvinnar, for «då koronaen kom, var dei klare». Kinn kommune har ein langsiktig plan for korleis innbyggjarane deira skal oppleva gode og meiningsfulle dagar.

I tillegg blir det lagt vekt på at Kinn kommune har ein langsiktig plan for korleis innbyggjarane deira skal oppleva gode og meiningsfulle dagar.

Ein samla jury seier følgjande om Kinn kommune:

Kommunen si strukturerte tilnærming til reformarbeidet har gjort dei godt rusta til å møta pandemien. Kommunen var raskt ute med å tilby samtaletilbod, ein telefon for praktisk hjelp, dei organiserte to-tre vesentlege møte mellom helse og frivilligheitssentral for å finna løysingar og dei sørgde for registrering av frivillige i kommunen. Engasjementet var stort. Dei fekk i gang ein musikkterapeut på det største eldresenteret for samtalar og miljøarbeid.

Tiltaka som vart implementerte under pandemien har hittil bidratt til endringar i form av eit klart tydelegare samarbeid i kommunen, ei haldningsendring i organisasjonen når det gjeld miljøarbeid, fleire møteplassar for alle innbyggjarar – og ikkje minst eit auka engasjement for reforma