Kinn Kommune

Kartlegging av sirkulære initiativ i næringslivet i Kinn

Kartlegging av sirkulære initiativ i næringslivet i Kinn

Klikk for stort bileteDelta i spørjeundersøkinga til Aksello!I lag med Aksello, Vill Energi og Circular Norway er vi i gang med eit sirkulærøkonomiprosjekt og ønskjer å kartlegge sirkulære initiativ i næringslivet. Delta i spørjeundersøkinga!

Aksello skriv følgande:

Målet med prosjektet er å gjere Kinn til ein meir berekraftig og sirkulær kommune gjennom å hjelpe bedrifter til å finne sine smarte og innovative måtar for sirkulærøkonomi. Som døme er Kinn kommune allereie i dialog med to lokale bedrifter på sirkulære innovasjonar i næringslivet: Kinn Bryggeri og Nor Blikk. 

Miljørådgjevar Kaja Standal Moen seier spørjeundersøkinga er laga for å ta tempen på korleis bedrifter i Kinn kommune tenker, og i kva grad ulike metodar for sirkulærøkonomi allereie er tatt i bruk. «Vi blir veldig takksame for alle som kan bruke tre minuttar å svare på denne, anten du er kjend med sirkulærøkonomi, eller ynskjer å lære meir. Og det vankar premie», seier Kaja Standal Moen frå Kinn kommune.

Les meir på Aksello si heimeside - der finn du også lenke til spørjeundersøkinga.