Kinn Kommune

Invitasjon til å kome med tilbod for prosjektleiing til ringverknadsprosjekt for Stad skipstunnel

Invitasjon til å kome med tilbod for prosjektleiing til ringverknadsprosjekt for Stad skipstunnel

Kommunane Stad, Vanylven og Kinn kommune viser til at i Nasjonal transportplan for (NTP) 2022 – 2026, er Stad skipstunnel eit samferdselsprosjekt som skal realiserast. Det er Kystverket som har fått i oppdrag med å realisere prosjektet. Kystverket har planlagt utlysinga av prosjektet i 1. kvartal 2023 med byggestart innan 1. kvartal 2024.

Kommunane har over tid hatt fokus på å sjå på kva ringverknader prosjektet med Stad skipstunnel kan ha for regionen og for lokalsamfunnet. Ved oppstart av prosjektet, så var dei mest tydeleg synergiane utnytting av tunnelmassane for å etablere nye landareal – og spesielt knytt til næringsverksemd. Kommunane har difor i det siste året hatt fokus på avklaring av aktuelle område for plassering av tunnelmassane – og kommunane er no i sluttfasen knytt til prioritering og regulering av område for mottak av tunnelmassane.

Stad, Vanylven og Kinn kommune ønskjer no å etablere eit fellesprosjekt for å sjå på andre regionale ringverknadar i samband med realisering av skipstunnel.

I denne samanheng ønskjer kommunane å be om tilbod frå ulike konsulentmiljø for å kunne vere prosjektleiar.

For meir informasjon om utlysinga, les sak frå Vanylven kommune