Kinn Kommune

Interkommunal samarbeidsavtale om bruk av kohortavdelingar i Helse Førde region

Interkommunal samarbeidsavtale om bruk av kohortavdelingar i Helse Førde region

Klikk for stort bileteAv omsyn til smittevern og ressursbruk har kommunane i regionen oppretta ei «fylkes»-kohortavdeling lokalisert i Sunnfjord kommune for smitteførande pasientar som vert utskrive frå sjukehus. Samt for pasientar som ikkje treng sjukehusopphald, men som treng utvida pleie. Kinn kommune er ein av kommunane som er med i samarbeidet.

Denne «fylkes»-kohorten vert organisert etter ein administrativ vertskommunemodell, og det skal stå klar 10 sengar som ved behov skal kunne aktiviserast innan 2 døgn.

Dersom kohortavdelinga vert tatt i bruk vil deltakarkommunane kunne pårekne å bidra med både personell og smittevernutstyr.

Ved aktivering av avdelinga skal samla driftskostnadar fordelast på kvar kommune som inngår i avtalen etter folketal pr. 1. januar 2020.

Norunn Stavø
Kommunalsjef helse og velferd