Kinn Kommune

Innspel til namn på plassar i Kinn kommune

Innspel til namn på plassar i Kinn kommune

innspel til namn på plassar i Kinn kommune - Klikk for stort bileteHar du innspel til namn på desse plassane?Oppvekst- og kulturutvalet har vedteke å sette i gang prosess knytt til namnsetting av fleirbrukshallen i Eikefjord, stranda ved servicebygget i Eikefjord og plassen framfor Florø kulturhus.

Det er kommunen som vel namn på og vedtek skrivemåten på tettstader, grender, kommunale gater, vegar, torg, bydelar, bustadfelt, kommunale anlegg o.l. og vedtek skrivemåten av offisielle adresser. Kommunen har no tre namnesaker ute på høyring, og vi vil gjerne høyre dine forslag! Frist for å sende inn namneforslag er 14. oktober.

Send oss dine forslag her

Plassen framfor Florø kulturhus

Det har kome innspel på at plassen framfor Florø kulturhus bør få namnet Konstanse Stavang plass. har du forslag til anna namn på plassen, kan du melde dette inn i skjemaet nedanfor. 

Meir info om saka finn du her

Fleirbrukshall i Eikefjord og stranda ved servicebygget i Eikefjord

Det har kome innspel til Kinn kommune om at kommunen skal sette eit namn på fleirbrukshallen i Eikefjord. Leiar i oppvekst- og kulturutvalet foreslå samtidig at ein finn eit namn til stranda ved servicebygget i Eikefjord. 

Meir info om saka finn du her