Informasjon om kommunale avgifter for 4. termin
Neste veke sender vi ut faktura på kommunale avgifter for 4. termin. I samband med fakturaen vil vi oppklare eit par punkt til deg som mottek fakturaen.
Alle som har slamavskiljar betaler gebyr for tilsyn på avløpsanlegg på faktura for kommunale avgifter kvart år. På faktura for 1. termin i 2020 blei det lagt på meirverdiavgift på dette gebyret. Det skal ikkje skje.
Difor vil du oppleve at det er tre linjer for tilsynsgebyr på fakturaen du mottek no. Dette er fordi den eine linja er kredit, som vil seie at det du betalte for mykje vert trekt frå.
Du som hadde slamtømming i Flora kommune i desember 2019 vil få gebyret for dette på faktura for 4. termin 2020.
Publisert avHenrik Ulriksen
Publisert26.11.2020 14.49
Sist endra26.11.2020 14.49