Informasjon om fugleinfluensaLytt til tekstenStopp avspilling Kinn kommune, Frida Rogne Det er påvist fugleinfluensa i Kinn kommune og i samråd med Mattilsynet skal kommunen no ta imot meldingar om funn av mistenkte tilfelle. For å avgrense spreiing er det viktig at du melder frå til oss dersom du oppdagar daude eller sjuke fuglar og mistenker fugleinfluensa. Du kan melde inn funn via det digitale skjemaet vårt for innmelding av feil. Vel alternativet Daude dyr og deretter Fugl. Du kan òg melde inn funn ved å ringe 905 83 166 i Florø og 905 47 902 i Måløy. Vi ber om at du informerer oss om: kvar funnet er gjort slik at vi lett kan finne det kva art det gjeld kor mange fuglar det gjeld Vi ønskjer melding om desse artane: andefuglar (ender, gjess og svanar) havsuler måsefuglar vadarar rovfuglar (spesielt ørn og musvåk) åtseletarar (kråkefuglar) småfugl (kun ved mange døde fuglar på eit lite område) rovdyr (primært observasjon av sjuke eksemplar av raudrev, fjellrev, artar i mårdyrfamilien, gaupe, sjå symptom) sjøpattedyr (ønskjer primært melding om observasjon av sjuke eksemplar av steinkobbe og havert, sjå symptom) Sjølv om viruset svært sjeldan smittar til menneske er det viktig at ved tilfelle der du mistenker fugleinfluensa ikkje tar på fuglen eller lar kjæledyr kome i kontakt med den. Sjuk fugl skal vere i fred. Utfyllande informasjon om fugleinfluensa og korleis handtere mistenkte tilfelle finn du hos Mattilsynet. Les gjerne gjennom spørsmål og svar til befolkninga for å lære meir. Publisert av Jon Even Kvalheim Myre Publisert 15.08.2023 12.52 Sist endra 15.08.2023 14.12