Kinn Kommune

Influensavaksine på Måløy legekontor

Influensavaksine på Måløy legekontor

Klikk for stort bileteNo kan du bestille time til årets influensavaksine ved Måløy legekontor.Kontakt Måløy legekontor på telefon 57 84 52 30, eller via HelseNorge om du vil ha influensavaksine. Det kan også settast vaksine når ein har time hos fastlege. Vi har ikkje lenger vaksinedagar på ettermiddag. 

Kven bør vaksinere seg?

Personar i følgande risikogrupper bør ta influensavaksine årleg:

  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine.
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år.

Barn og unge vaksne med:

  • kronisk lungesjukdom (inkludert astma).
  • hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert blodtrykk).
  • diabetes type 1 og 2.
  • leversvikt eller nyresvikt.
  • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsatt lungekapasitet og/eller hostekraft.
  • nedsett immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (t.d. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdomar).
  • svært alvorleg fedme (KMI over 40).
  • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, eller individuell vurdering av lege (t.d. personar med medfødde kromosomavvik, genetiske sjukdomar og samansatte kromosomavvik som ikkje er klassifisert ein annan stad).

I tillegg vert det anbefalt med influensavaksine til: