Kinn Kommune

Influensavaksine i Florø

Influensavaksine i Florø

Klikk for stort bileteNo kan du bestille time til årets influensavaksine på Florø kulturhus. Unsplash Årets influensavaksine er her. Veka med massevaksinering er no over, og framover kan du over 65 år eller du som er i risikogruppe møte opp på Legegruppa SMS mellom kl. 08.30-14.30 måndag-fredag for å få influensavaksine.

Kven bør vaksinere seg?

Personar i følgande risikogrupper bør ta influensavaksine årleg:

  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine.
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år.

Barn og unge vaksne med:

  • kronisk lungesjukdom (inkludert astma).
  • hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert blodtrykk).
  • diabetes type 1 og 2.
  • leversvikt eller nyresvikt.
  • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsatt lungekapasitet og/eller hostekraft.
  • nedsett immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (t.d. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdomar).
  • svært alvorleg fedme (KMI over 40).
  • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, eller individuell vurdering av lege (t.d. personar med medfødde kromosomavvik, genetiske sjukdomar og samansatte kromosomavvik som ikkje er klassifisert ein annan stad).

I tillegg vert det anbefalt med influensavaksine til: