Kinn Kommune

Koronavirus

Nasjonal informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge og Folkehelseinstituttet.

10.05.2021 13.28

Høyring: Trafikktryggleiksplan

Høyring: Trafikktryggleiksplan

Klikk for stort bileteVi har tidlegare i år bedt om innspel til innhaldet i planen. Trafikktryggleiksplanen vert no lagt ut på høyring, med frist for innspel den 16. mai.

Samferdsleutvalet vedtok i sak 11/20, den 27. november 2020, oppstart av revisjon av trafikktryggleiksplan for 2021 - 2030. Det blei varsla oppstart og moglegheit for å kome med innspel til plan og behov for tiltak i perioden 15. februar – 12. mars. 

Trafikktryggleiksplanen vert med dette lagt ut for offentleg ettersyn i perioden: 30. april - 16. mai 2021. 

Vedteken plan skal leggast til grunn for det vidare arbeidet med trafikktryggleik i kommunen. Det skal arbeidast systematisk og målretta for å nå Kinn kommune sin visjon, satsingsområde og mål i komande periode.   

Du kan også sende innspel via e-post post@kinn.kommune.no, eller per brevpost til Kinn kommune, postboks 294, 6701 Måløy.