Det er kommunen som vel namn på og vedtek skrivemåten på tettstader, grender, kommunale gater, vegar, torg, bydelar, bustadfelt, kommunale anlegg o.l. og vedtek skrivemåten av offisielle adresser. No vil vi gjerne høyre dine forslag på namn til den nye institusjonen som skal byggast i Florø! Frist for å sende inn namneforslag er 20.12.2023.
Send oss dine innspel
Du kan også sende oss innspel via
Frist for innspel er 20.12.2023
Kva skjer etter at eg har sendt inn mitt innspel?
- Kulturtenesta i kommunen skal gå gjennom alle innkomne namneforslag, dvs. sjekke opp namneforslaga mot stadnamndatabasen/arkiv og at namnet ikkje allereie finst, eller kan forvekslast med allereie vedteke namn.
- Deretter vil kulturtenesta legge namneforslaga ut på offentleg høyring. Dette blir informert om på heimesida vår, i lokalaviser, og direkte til berørte naboar og ev. andre.
- Kulturtenesta sender høyringsforslaga over til Språkrådet for uttale om skrivemåten.
- Oppvekst- og kulturutvalet fattar endeleg vedtak om namn på institusjonen.
Om prosjektet
Kommunestyret har vedtatt at den nye omsorgsinstitusjonen skal innehalde 100 nye institusjonsplassar. Bygget skal også romme kjøken på kvar avdeling med spiseplass tilpassa til tal brukarar på avdelinga, base for heimetenestene, legevakt for kveld/helg, dagsenter, rehabiliteringsavdeling, allrom/kantine/kafé og seremonirom.
Institusjonen skal gje ein kvalitativt god erstatning for institusjonsplassar som blir lagt ned og gje ein auke i tal døgnplassar i søndre del av Kinn kommune.
Institusjonen skal gje trygge og gode buforhold for bebuarane, og bygget skal bidra positivt i lokalmiljøet. Det skal vere eit attraktivt, inkluderande og inviterande bygg som videreutviklar eit levende lokalmiljø, og institusjonen skal vere ein attraktiv og god arbeidsplass.
Meir informasjon om prosjekt auka institusjonskapasitet finn du her