Kinn Kommune

Har du fått faktura frå kommunen på kommunale avgifter?

Har du fått faktura frå kommunen på kommunale avgifter?

Klikk for stort bileteVi har no sendt ut faktura på kommunale avgifter/ eigedomsgebyr for fjerde kvartal.

  • Har du spørsmål om dei kommunale gebyra som vatn/avløp kan du ringe tlf. 91895998.
  • Har du spørsmål om eigedomsskatt kan du ringe eigedomsskattekontoret på tlf. 90362385 mellom kl. 12.30-15.00.
  • Treng du hjelp med betaling, utsetting eller kopi av faktura kan du ringe økonomiavdelinga på tlf. 57845030 mellom kl. 12.30-15.00.

På faktura kjem det typisk fram:

AB. GEBYR VATN -  Dette er fastleddet for vatn (kan samanliknast med nettleige straum).

FORBRUK VATN - Dette er forbruksleddet for vatn (kan samanliknast med straumforbruk).

AB. GEBYR AVLØP - Dette er fastleddet for avløp (kan samanliknast med nettleige straum).

FORBRUK AVLØP - Dette er forbruksleddet for avløp (kan samanliknast med straumforbruk).