Kinn Kommune

Handlingsprogram og økonomiplan 2022-2025

Handlingsprogram og økonomiplan 2022-2025

Klikk for stort bilete Visit Fjordkysten Her kan du lese kommunedirektøren sitt framlegg til handlingsprogram og økonomiplan for 2022-2025. 

Her finn du kommunedirektøren sitt framlegg til handlingsprogram og økonomiplan 2022-2025

I første utkastet til kommunedirektøren var auka inntekt knytt til tilleggsummeret til statsbudsjettet frå den nye regjeringa av 8.11.2021 lagt til rammetilskotet i skjema 1a. Ny informasjon viser at det er det nasjonale skatteanslaget for 2022 som er auka, frå -0,1% til +1,3%. Dette er no justert i nytt utkast til økonomiplan for Kinn kommune. I tillegg er det lagt inn rette justeringar knytt til tenesteområda i skjema 1b. Justeringane er omtalt i oppdatert utkast. Samla brutto driftsinntekt, netto driftsresultat og avsetting til disposisjonsfond er ikkje berørt av justeringane. Det er vidare gjennomført nokre endringar i investeringsplanen. Desse justeringane berører ikkje låneopptaket i perioden.

Kommunedirektøren si innleiing

Dette er det mest krevjande budsjettarbeidet eg har vore med på. Vi har tidlegare sagt at Kinn økonomien manglar bærekraft. At det er eit misforhald mellom inntektene og utgiftene til kommunen. 

No er utfordringane større enn dei vi hadde for driftsåret vi har lagt bak oss. Det betyr at vi ikkje kjem utanom å redusere talet på årsverk i økonomiplanperioden. Det vert difor lagt opp til ein prosess med å redusere tenesteområda sine årsverk med 35 innan 2022. Det vert lagt inn halvårseffekt for 2022 (for 35) og full effekt i 2023-2025. Det same gjeld 12 årsverk frå 2024.

Reduksjonen skal skje i samarbeid med dei tilsette sine organisasjonar og følgje avtaleverket sine reglar for slike tiltak.  Reduksjonen av årsverka er i budsjettutkastet frå kommunedirektøren, men kan bli justert mellom tenesteområda etter drøftingar med arbeidstakarorganisasjonane. Kommunedirektøren har i forkant av budsjettframlegget orientert gjennom leiarane dei tilsette om framlegget. Ut frå den krevjande situasjonen vil vi starte arbeidet så snart som mogeleg og i forkant av kommunestyret si endelege førehaving av budsjett og økonomiplan.

Reduksjonen i talet på årsverk erstattar tiltaka som tidlegare var omtalt som Personal 20 X.

På same vis og i tillegg – må vi ta omsyn til den demografiske utviklinga. Staten vil dreie overføringane til kommunane på ein måte som speglar færre born, fleire seniorar. Difor må vi ha eigne tiltak kopla til demografiutviklinga. Då legg vi til grunn KS sine modellar. Det er det beste verktyet vi har no, men det er usikkerheit rundt tala. Demografimodellen byggjer på Statistisk sentralbyrå sine tal. Vi meiner kanskje dei er for pessimistiske, og legg oss difor på noko lågare reduksjon enn det KS har i modellen.

Det har vore planar om omfattande investeringar. Intensjonsavtalen for Kinn og seinare økonomiplanar har hatt med fleire større investeringsprosjekt som skal gjere Kinn til ein betre kommune å bu i, og meir attraktiv. Det går ikkje!  Den samla lånegjelda vert for høg, og utan å ta ned driftskostnadane, i kombinasjon med reduserte investeringar, vil vi ikkje vere i stand til å betale for dei nye låna. Reduserte driftskostnader vil få konsekvensar for det samla tenestetilbodet vi kan gi i åra som kjem. Med unntak av investeringar i vatn og avlaup og auka institusjonskapasitet i Florø, er dei andre større investeringane sett opp med planleggingsmidlar i perioden. Det betyr at vi må sjå meir på både det enkelte prosjekt og eventuelt korleis vi finansierer dei. I dag vil det vere uforsvarleg å ha desse med som investeringar. Difor er prosjekta Skram skule, Storhallen i Vest, gymsal i Florø prosjekt vi må vente med. Vi må bruke tida på å skape eit økonomisk grunnlag for dei. Grunna statusen med tilsynspålegg ligg brannstasjonane i Florø og Måløy inne.

Sjølv om vi tar ned fleire av dei store investeringane, vil vi ende med ei stor lånegjeld i 2025. Det heng blant anna saman med framleis større investeringar i VAR (vatn, avlaup og renovasjon), auka omfang av Startlån, nye auka låneopptak til institusjonsplassar i Florø og ei auke i lån for å låne vidare til blant andre Florø hamn KF. 

Eg trur alle; uansett rolle i Kinn, vil vere best tent med at vi er realistiske om kva vi kan få til. Eg trur også alle vil forstå at det er det beste for kommunen si berekraft på sikt.