Kinn Kommune

Godt å vite om kommunale gebyr og renovasjon

Godt å vite om kommunale gebyr og renovasjon

Klikk for stort bileteNoMil sender no eiga rekning på renovasjonFrå i år av vil du motta rekning på kommunale gebyr for eigedomsskatt, vassavgift, kloakkavgift, feieavgift og tilsyn på avløpsanlegg til nye tidspunkt. Rekning for renovasjon vil kome frå NoMil.

Kommunale gebyr og renovasjon

Frå i år av vil du motta rekning på kommunale gebyr for eigedomsskatt, vassavgift, kloakkavgift, feieavgift og tilsyn på avløpsanlegg til nye tidspunkt.

Første forfall vil verte 20. mars, deretter 20. juni, 20. september og 20. desember.

Renovasjon – eiga rekning og litt praktisk informasjon

Alle førespurnader om renovasjon skal no rettast til NoMil.

Rekning for renovasjon vil heretter kome frå NoMil. Renovasjonsgebyr har no forfall to gonger i året, og den første fakturaen får du i slutten av februar eller slutten av mars.

Du finn mykje nyttig informasjon om avfallshandtering og gebyrsatsar på NoMil sine eigne heimesider nomil.no.

Har du spørsmål om gebyr eller rekning for renovasjon, kan NoMil svare på tlf. 57 00 94 00 eller e-post post@nomil.no.

Godt å vite:

Isopor kan i små mengder sorterast som restavfall. Har du større mengder, skal dette leverast til SAR i blanke avfallssekkar, inntil gjenbruksstasjon er på plass. Blanke avfallssekkar kan du kjøpe på vanlege butikkar.

Anna grovavfall skal og leverast til SAR i blanke sekkar. Her betaler du gebyr etter SAR sine satsar.

Du kan fortsatt levere avfall i eigen sekk attmed dunken for restavfall, men for dette vert det ein meirkostnad. Sekkar for dette bestiller du hos NoMil. Skal du levere ekstra sekk må du melde i frå til NoMil på førehand.