Godkjente vallister til kommunestyrevalet 2023

Illustrasjon av ein stemmesetel og ei valurne. - Klikk for stort bilete

Valstyret har i dag godkjent alle vallister til kommunestyrevalet i år. Vallistene finn du i denne artikkelen.

Partia kan klage

Vallova §6-8 har fastsatt at det er adgang til å klage innan sju dagar etter kunngjeringa av overskriftene på vallistene. Klageretten er for dei som meiner valstyret må omgjere eit vedtak om å godkjenne/forkaste eit listeforslag. Frist for å klage er innan 24. mai 2023. Klage må sendast til post@kinn.kommune.no