Kinn Kommune

Koronavirus

Nasjonal informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge og Folkehelseinstituttet.

Ingen nye koronasmitta personar i Kinn det siste døgnet (oppdatert 4. desember 2020).

04.12.2020 08.05

Gjenbruksstasjonen ved Purkehola tek i mot avfall frå 19. november

Gjenbruksstasjonen ved Purkehola tek i mot avfall frå 19. november

Klikk for stort bileteFrå og med torsdag 19. november kan du som bur i Florø-delen av Kinn levere avfall til gjenbruksstasjonen i Purkehola. Det er NoMil som driftar anlegget.

Gjenbruksstasjonen har følgande opningstider:

  • Måndag og onsdag kl. 13.00 - 19.00
  • Torsdag kl. 10.00 - 15.00

Du sorterer avfallet ditt sjølv, og kaster det i ulike konteinarar:

  • Restavfall
  • Treverk
  • Tekstil
  • Stål
  • Impregnert materiell
  • Papir/papp
  • Plastemballasje
  • Glas- og metallemballasje
  • Isolasjon
  • Gips
  • Betong
  • Stein og flis
  • Tau/not
  • EE-avfall
  • Hageavfall

Kostnad

Hushaldningar kan årleg levere inntil 1000 kg farleg avfall kostnadsfritt. NoMil tek også i mot barnebleier som er pakka i eigen gjennomsiktig sekk, glas- og metallemballasje og elektrisk avfall kostnadsfritt. For andre typar avfall må du betale for mengda du leverer.

Les meir om gjenbruksstasjonen i magasinet til NoMil.