Kinn Kommune

Koronavirus

Nasjonal informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge og Folkehelseinstituttet.

 
24.09.2021 14.01

Gi innspel: Temaplan for klima, berekraft og naturmangfald

Gi innspel: Temaplan for klima, berekraft og naturmangfald

Klikk for stort bileteGi innspel til temaplan for klima, berekraft og naturmangfaldVisjonen for planen er "I 2030 har Kinn kommune stoppa tap av naturmangfald og blitt ein nullutsleppskommune. Alle i kommunen samarbeider for å få dette til."

I denne planen viser kommunen at ein må sjå naturkrisa og klimakrisa i samanheng, samtidig som ein førebur seg på dei endringene samfunnet skal gjennom; desse endringane i minst mogleg grad slår urettferdig ut for innbyggarane. Alle i kommunen skal ha eigarskap til arbeidet og innsjå at dei kan vere med å gjere ein forskjell. Det er fokus på reduksjon i forbruk av areal, energi og varer for å hindre vidare utslepp og tap av naturmangfald. Vidare legg planen opp til å fase ut fossile energikjelder, og gå over til elektrisitet for køyretøy og oppvarming. Planen har også handlingar for tilpassingar til eit endra klima og det dette medfører av direkte og indirekte verknader. 

Frist for å gi innspel er 1. oktober 2021.

Gi innspel her!