Kinn Kommune

Fugleinfluensa og funn av daud fugl

Fugleinfluensa og funn av daud fugl

Mattilsynet informerer om funn av daud fuglt langs kysten i Bremanger og Stad.Fugleinfluensa er påvist blant villfugl langs kysten i gamle Sogn og Fjordane, og det kjem inn mange meldingar om døde fuglar i nabokommunar til Kinn. Virussjukdommen er svært dødeleg for fuglar og kan også smitte til andre dyreartar.

Har du oppdaga døde eller sjuke fuglar?

Då må du varsle Mattilsynet ved å sende e-post til postmottak@mattilsynet.no om sjuke eller døde fuglar av desse artane:

  • andefuglar (ender, gjess og svaner)
  • havsuler
  • måkefuglar
  • vadarar
  • rovfuglar (spesielt ørn og musvåk)
  • åtseletarar (kråkefuglar)

Det er viktig at du skriv kvar fuglen er funnen så nøyaktig som mogleg, og kvar den kan hentast når du melder i frå til Mattilsynet. Skriv kommune, adresse og helst kartreferanse som du kan finne i kartfunksjonen på mobiltelefonen din.

Mattilsynet vil vurdere om fuglane skal undersøkast for smitte, men det er uansett viktig at du varslar dei.

Les meir om fugleinfluensa og kva du skal gjere på Mattilsynet si heimeside om Fugleinfluensa.