Kinn Kommune

Fugleinfluensa – kva skal du gjere?

Fugleinfluensa – kva skal du gjere?

Det er eit stort utbrot av fugleinfluensa i Nordsjøen og mange smitta og daude sjøfuglar rek i land på kysten vår. Rovfugl og rovdyr som et desse fuglane kan verte smitta og det er no påvist fugleinfluensa hjå raudrev i Stad kommune. Truleg kan kjæledyr òg verte smitta. Kommunen og Mattilsynet ynskjer difor å bidra til å redusere smittepresset ved å registrere og eventuelt samle inn daude fuglar. 

Kommunen og Mattilsynet ynskjer å få ei oversikt over omfanget av daud fugl i kommunen som skuldast spreiing av fugleinfluensa. Om nødvendig vil vi samle inn daud fugl for å redusere smittepress til andre dyr og fuglar. Dei daude fuglane som vert samla inn skal destruerast på ein trygg måte slik at smitte ikkje vil spreie seg vidare.

Dersom du finn daud fugl bør du:

  • Send e-post til Mattilsynet på: postmottak@mattilsynet.no om funnstad. Merk helst av i kart ved hjelp av mobiltelefon kor den vart funnen
  • Dersom du finn fleire/mange daude fuglar kan du melde frå til kommunen her eller ringe sentralbordet tlf: 577 56 000. Så vil kommunen kome ut og samle dei inn   
  • Meir informasjon om fugleinfluensa kan du finne ved å gå inn på internettsidene til Mattilsynet
  • Fugleinfluensa smittar svært sjeldan frå fugl til menneske, kun ved svært nær kontakt med sjuke eller daude fuglar. Menneske som vert smitta kan få alvorleg sjukdom. Informasjon om sjukdomen frå Folkehelseinstituttet les du her