Frivillige til praktisk hjelp i å busette flyktningar
Kinn kommune skal busette 175 flyktningar i løpet av 2022. Dette krev ein del arbeid, og til dette arbeidet treng vi di hjelp.
Vi treng hjelp med å møblere og klargjere ei stor bustadmasse. Det vil vere montering av flatpakka møblar, henting av brukte møblar, samt litt reingjering etter ferdig møblering.
Arbeidsmengden vil variere, og vi ser for oss ei tilkallingsløysing når vi har behov for hjelp.
Kan dette vere noko frå deg? Send oss din kontaktinfo i skjemaet nedanfor.
Publisert avFrida Rogne
Publisert29.04.2022 09.43
Sist endra29.04.2022 10.24