Kinn Kommune

Frivillige lag og organisasjonar kan no søke om momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg

Frivillige lag og organisasjonar kan no søke om momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg

Klikk for stort bileteDen 15. september vart det opna for at frivillige lag og organisasjonar som har bygt eller rehabilitert idrettsanlegg- eller nærmiljøanlegg kan søke om å få kompensert betalt meirverdiavgift knytt til prosjekta sine. Ordninga gjeld idrettsanlegg der bygginga er sett i gang etter 1. januar 2010. Ordninga gjeld ikkje drift- og vedlikehaldskostnader.

Søknadsfrist er 1. desember 2021

Søknader skal leverast elektronisk på eige søknadsskjema via nettsida til Lotteri- og stiftelsestilsynet. Der finst det utfyllande informasjon over kva de må gjere før de søker, og rettleiing til sjølve søknadsprosessen. Ufullstendige søknader, inklusive vedlegg, kan føre til at søknaden ikkje blir behandla. Vi anbefalar difor at de set dykk godt inn i ordninga før de søker.

Vilkår for å søke

  • Anlegget må vere ferdig før det kan søkast om kompensasjon. Dersom utbygginga skal skje gjennom fleire byggesteg, er det berre byggesteg som er sett i gang etter 1. januar 2010 som kan vere med i søknaden.
  • Rekneskapsskjema og revisorrapport skal leggast ved søknaden.
  • For å kunne søke må organisasjonen ha meirverdiavgifter større enn 15 000 kroner knytt til prosjektet.

Kven kan søke?

Desse organisasjonane kan søke:

  • idrettslag/organisasjonsledd i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF)
  • idrettslag organisert under Samisk idrettsforbund
  • samanslutningar organisert under Norges Jeger- og Fiskerforbund
  • samanslutningar under Den Norske Turistforening
  • samanslutningar under Norges Bilsportforbund
  • samanslutningar under Det frivillige Skyttervesen
  • aksjeselskap/allmennaksjeselskap
  • stiftelsar
  • andre samanslutningar