Kinn Kommune

Framlegg til Planstrategi 2020-2023 og Samfunnsdelen til kommuneplanen i Kinn 2020-2032

Framlegg til Planstrategi 2020-2023 og Samfunnsdelen til kommuneplanen i Kinn 2020-2032

Klikk for stort bileteFormannskapet i Kinn vedtok i møte den 3. september å sende framlegg til kommuneplanen sin samfunnsdel og planstrategi for Kinn ut på høyring og legge dei ut til offentleg ettersyn. Formannskapet i Kinn vedtok i møte den 3. september å sende framlegg til kommuneplanen sin samfunnsdel og planstrategi for Kinn ut på høyring og legge dei ut til offentleg ettersyn.

Her er dokumenta som er lagt ut til høyring samt formannskapet sitt vedtak:

Kom gjerne innom Informasjon og service der vi vil hjelpe deg med å finne planane som er digitalt tilgjengelege.

Kva er kommuneplanen sin samfunnsdel?

Planen er styringsdokumentet som er førande for utviklinga i kommunen vår. Den fastset mål og strategiar for kommunesamfunnet som heilskap, og kommunen som organisasjon. Samfunnsdelen er grunnlaget for dei kommunale sektorane sine andre planar og verksemd i kommunen. Planstrategien er ei prioritering av kva overordna planarbeid som skal gjennomførast i kommunestyreperioden.

Vi ber om at du gir oss innspel og sender dei seinast 16. oktober. Uttale kan sendast til Kinn kommune, post@kinn.kommune.no eller per post til Kinn kommune, Postboks 294, 6701 Måløy.