Kinn Kommune

Førre fredag var det aktivitetsdag på Vågsøy ungdomsskule

Førre fredag var det aktivitetsdag på Vågsøy ungdomsskule

Klikk for stort bileteFørste aktivitetsdag på Vågsøy ungdomsskule sidan hausten 2019! Kinn kommune Fredag 20. september arrangerte Vågsøy ungdomsskule første aktivitetsdag sidan hausten 2019. 

Vågsøy ungdomsskule arrangerer aktivitetsdagar med ujamne mellomrom. Grunna koronaviruset har det ikkje vore arrangert sidan hausten 2019. Alle  dei 220 elevane deltok på mellom anna trampolinehopping, bordtennis, balansering på line, badminton, klatring i klatrevegg, sparkesykkelstafett, volleyball, handball og fotball. Ein solid variasjon av ulike gøyale aktivitetar med andre ord.

Skulen gjer dette for å skape eit godt klasse- og skulemiljø. Fredag vart dei også veldige heldige med veret!