Kinn Kommune

Koronavirus

Nasjonal informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge og Folkehelseinstituttet.

08.03.2021 07.58

Familiehjelpa i Kinn kommune

Familiehjelpa i Kinn kommune

Klikk for stort bileteDet er mange vegar til å få det betre i livet når du har det vanskeleg. Utforsk gjerne våre tilbod for å sjå om noko av det kan passe for deg. Vi har ulike aktivitetar og grupper som du kan vere med på, samt samtalar. Dersom du er usikker på kva som vil vere riktig for deg, kan du ringe oss så hjelper vi deg på riktig veg.

Familiehjelpa er eit ressursteam som bidrar med støtte og rettleiing til familiar som på ulike måtar strevar i høve barna sine. Kinn kommune tilbyr gjennom ulike instansar grupper, kurs og personleg rettleiing til foreldre, barn og unge. Målet er at tilboda skal auke kompetansen hos mottakar på ein slik måte at barnet og familien sitt strev vert redusert. Familiehjelpa er eit gratis tilbod, og du treng ikkje tilvising.

Kan dette vere eit tilbod for deg? Ta kontakt med oss for ein uforpliktande samtale, eller bruk søknadsskjemaet nedanfor.

Søknadsskjema

Les meir om Familiehjelpa her.