Få besøk eller bli meir aktiv!

To kvinner som går hand i hand på stien langs Storevatnet i Florø. På bildet står det skreve "samhald mellom menneskje". - Klikk for stort bilete

Få besøk er eit tilbod til deg som ønskjer å komme i kontakt med nokon, anten i form av jamlege besøk av ein frivillig for å gjere noko triveleg saman, eller delta i eit større fellesskap. Få besøk handlar og om å få informasjon om dei ulike kultur- og aktivitetstilboda i Kinn kommune.

Registrer deg her - Få besøk eller bli meir aktiv!

Forsking viser at sosial isolasjon gjev større fare for helseutfordringar. Fleire kontaktpunkt i løpet av veka fremmar gode psykososiale forhold. Situasjonen med Covid-19 har for mange lagt ein dempar på møte mellom menneske, og særleg eldre er utsatt for sosial isolasjon. Det treng ikkje vere slik. Det er fleire måtar ein trygt kan vere i lag med andre på; gjennom telefonsamtalar, samtale med naboen over hekken, eller gå ein tur med trygg avstand til kvarandre. Prosjektet er ein del av "Leve heile livet"- satsinga til Kinn kommune.

Sjå film

Nedanfor kan du sjå ein film vi har laga, som handlar om å få besøk av ein frivillig. Ein film om dei gode stundene, om glede og sakn. 

Nytt tilbod til deg over 55 år

Tilbodet er retta mot vaksne frå 55 år og oppover, og handlar om å informere og inspirere til økt aktivitet anten i gruppe eller ein-til-ein. I Florø har vi over 200 lag og organisasjonar, og det er mykje å vere med på. I tillegg har vi Kinn kommune sine kulturelle Ope hus-arrangement som er gratis og ope for alle. Dersom gruppeaktivitet ikkje er av interesse, kan det i nokre tilfelle vere aktuelt å få ein besøkven.

Ein innbyggjar som ønskjer å bli besøksven må gjennom ei intervjurunde. Vidare blir dei organisert gjennom Røde Kors eller kommunen, dei signerer teieplikt og får tilbod om kurs. Felles for dei frivillige er ønskje om å gjere ein forskjel der dei bur, og vi vil gjere vårt beste for å finne ein god match for besøksverten. Eit besøk skal vere ein gjensidig god oppleving for begge partar. For å finne det tilbodet som er best for deg, registrer deg her, så tek samfunnskoordinator kontakt for ein uformell prat. Ønskjer du direkte kontakt, ring tlf. 97 99 18 02 (Martine Bortheim - samfunnskordinator i helse og velferd, Kinn kommune)

 

Bildet viser kulturkoordinator Martine Bortheim og dagleg leiar for Florø frivilligsentral Bente Nilsen som står framfor Florø kulturhus.  - Klikk for stort bileteSamfunnskoordinator Martine Bortheim og dagleg leiar for Florø Frivilligsentral Bente Nilsen håpar på stor interesse for det nye tilbodet. Kinn kommune

 

Korleis få besøk?

For informasjon om aktivitetstilboda der du bur, eller det å få besøk av ein frivillig, kan du sjølv, pårørande eller helsepersonell registrere deg i skjemaet vårt her. Eller ta direkte kontakt med samfunnskoordinator.

Samfunnskoordinator Martine Bortheim, tlf. 97 99 18 02

Vi treng frivillige også!

For at dette skal gjennomførast slik som vi tenker er vi også avhengige av fleire frivillige. Registrer deg på Florø og Vågsøy frivilligsentral sine nettsider om du vil bidra! Det er opp til deg sjølv kor ofte du kan bidra som frivillig, men vi treng kvarandre no. 

 

Nærbilde av Siv Anett Kupen frå venstre, Ylva Petrikke Seljenes og Jorunn Bakke Nydal. Dei held fram dei nye brosjyrene som heiter "Få besøk". - Klikk for stort bileteDu kan vende deg til informasjon og service i anten Florø eller Måløy for å registrere deg. Der finn du også flotte brosjyrer som fortel om tilbodet! Kinn kommune

 

Sjå også brosjyrene våre