Kinn Kommune

Aktuelt

23.06.2022 08.43

Er di bedrift hardt råka av smittevernstiltak? No kan du søke kompensasjon

Er di bedrift hardt råka av smittevernstiltak? No kan du søke kompensasjon

Kinn kommune har motteke del 7 av den kommunale kompensasjonsordninga til lokale verksemder som er hardt råka av smitteverntiltak.  Søknadsfrist er sett til 01. mai 2022. 

Ordninga rettast mot lokale verksemder som er spesielt råka av lokale eller nasjonale smitteverntiltak, eller den økonomiske nedgangen som følge av covid-19.

Berre verksemder innanfor kommunen sine grenser og med adresse i kommunen kan motta støtte. Verksemder kan berre motta støtte for den økonomiske aktiviteten som finn stad innanfor kommunen.