Kinn Kommune

Aktuelt

25.05.2022 08.32

Enklare kvardag for entreprenør og kommune med heilautomatisk skjema

Enklare kvardag for entreprenør og kommune med heilautomatisk skjema

Acos v/ prosjektkoordinator Vegard Lund Moseid, webansvarleg Henrik Ulriksen og avdelingsleiar for byggesak Heidi Dyrøy.Som eit steg i digitaliseringsarbeidet til kommunen har vi utvikla eit heildigitalt skjema for deg som skal rehabilitere ei pipe, sette inn ny pipe, eller søke om ferdigattest når arbeidet er ferdig. No vil du få svar på søknaden få minutt etter den er sendt inn.

Gå til søknadsskjemaet

Kjappe svar og enklare kvardag

I lag med systemleverandør ACOS har vi utarbeidd skjemaet som skal lette kvardagen for både entreprenør og oss i kommunen. Avdelingsleiar for byggesak, Heidi Dyrøy, er jublande glad for framskrittet. - Vi har eit stort omfang av saker som er omfattande, og krev nøye sakshandsaming. Det er heilt knall å kunne automatisere delar av arbeidet vårt, slik at vi frigjer ressursar til meir komplekst arbeid, seier Dyrøy.

ACOS har samarbeidd godt med kommunen gjennom heile løpet. - Automatisering av prosessar er noko vi alltid ønsker å bistå med, då vi veit kor mange gevinstar det gir organisasjonen. Dette var første gang ACOS har bistått i ein automatisk piperehabiliteringsprosess, og det var utruleg spennande å ta del i prosessen. Prosjektet har gått smertefritt, som i stor grad kjem av den gode dialogen med Kinn kommune, seier Vegard Lund Moseid som er prosjektkoordinator i ACOS.

Ved å automatisere heile søknadsløpet slepp vi også å bruke tid på å registrere søknaden inn i sakssystemet vårt, for deretter at sakshandsamar skal sende ut brev med godkjenning. Dette er manuelle jobbar som har vore med å forseinke arbeidet. No får entreprenør svar nesten umiddelbart. - Søknaden blir arkivert med det same entreprenøren har sendt inn søknaden. Fyller dei ut opplysingar som oppfyller krava til reglane rundt arbeidet, blir søknaden automatisk godkjent, og dei kan starte arbeidet omgåande. Det same skjer når arbeidet med pipa er ferdig, og dei er klare for å søke ferdigattest. Dette skjer også automatisk seier Dyrøy med eit smil.

Først i landet

Kommunen hadde moglegheita til å forenkle og effektivisere arbeidet med søknadsprosessen ved piperehabilitering. - Heile saksgangen er veldig regelstyrt, og då er det mogleg å lage automatiserte prosessar. Dette var det ingen andre som hadde tenkt på tidlegare, difor gjekk vi inn i eit samarbeid med vår systemleverandør ACOS AS, om å utvikle ein heilautomatisert søknadsprosess. Det har vore ein spennande og lærerik jobb, og no gler vi oss til å sjå effekten av arbeidet vårt.

Kjem det fleire slike skjema?

På sikt kan kommunen lage fleire skjema som er automatiserte, men det fordrar tydeleg regelstyring, og moglegheita til å tilpasse i ein søknadsprosess med digitale skjema. I eit slikt arbeid treng kommunar gode idear og god kompetanse med på laget. - ACOS tilbyr bistand til å automatisere prosessar som består av fullstendig regelstyring. Då gjenstår det berre at kundar som Kinn kommune har kreativiteten til å oppdage slike moglegheiter fortel Vegard Lund Moseid.