Kinn Kommune

Koronavirus

Nasjonal informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge og Folkehelseinstituttet.

10.05.2021 13.28

Endringar i ordninga for fritid- og hytterenovasjon

Endringar i ordninga for fritid- og hytterenovasjon

Klikk for stort bileteNo vert det endringar i fritid- og hytterenovasjon.No vert det endringar i ordninga for hytterenovasjon i Florø-området for fastlandshytter (ikkje øyane). Abonnementsgebyret NoMil tar
inn for tilbodet for fritid- og hytterenovasjon, har vore mindre enn det kostar å drifte tilbodet.

Kva vil skje?

NoMil tilpassar tilbodet etter inntektene dei tar inn i renovasjonsordninga. Dagens konteinarar vert difor byta ut med 660-liter behaldarar, med mindre innkastluke for å kaste inn søppel. Du kan difor ikkje kaste større ting enn ein vanleg avfallspose inn i behaldaren.

Tal behaldarar vert tilpassa etter tal hytter på dei einskilde stadane.

Ein del av behaldarane vert flytta til nye plassar. NoMil har sendt informasjon om endring og ny plassering av renovasjonsbehaldarar til abonnentane.

Bruk gjenbruksstasjonen i Purkehola

Har du større mengdar avfall, eller større avfall som ikkje kan leverast i renovasjonsbehaldaren? Då kan du levere dette til gjenbruksstasjonen i Purkehola.

Vi har alle eit ansvar for å ta vare på miljøet og naturen rundt oss. Difor må vi nytte dei tilboda vi har for å levere avfallet vårt på rett plass.

Opningstider er:

  • Måndag og onsdag, kl. 13.00 – 19.00
  • Torsdag, kl. 10.00 – 15.00

Du kan lese meir om gjenbrukssasjonen på NoMil sine heimesider.

Vi ønskjer ikkje forsøpling

Dersom du ikkje får plass til avfallet ditt i konteinar for hytterenovasjon, kan du ikkje plassere dette ved sidan av behaldaren. Avfallet blir spreidd av vind, dyr og fuglar. Dette vert rekna som forsøpling etter forureiningslova. Korkje NoMil eller kommunen har i dag ei løysing for korleis vi skal handtere slikt ulovleg avfall. Vi har alle eit ansvar for å ta i vare naturen og miljøet rundt oss – bruk difor gjenbruksstasjonane våre.

Renovasjonsordninga er sjølvkost

Inntekt og utgifter for ei teneste skal vere den same ved sjølvkost. Det skal ikkje vere ein forteneste på tenester som er dekka av sjølvkost. Du betalar berre for kostaden for tenesta som blir tilbudt. Det vil seie at du som abonnent betalar kostnadane knytt til innsamling, transport og behandling av avfallet.