Kinn Kommune

Aktuelt

23.06.2022 08.43

Endringar i avdelinga for arealforvaltning og byggesak (planavdelinga)

Endringar i avdelinga for arealforvaltning og byggesak (planavdelinga)

Tiffany Huston og Jon Anders Stavang - Klikk for stort bileteNy byggesaksleiar Tiffany Huston og plansjef Jon Anders Stavang Kinn kommune Frå 1. mai tek plansjef Øyvind Bang-Olsen over som kommunedirektør, og i tida framover vil du møte nye ansikt og fagfolk i mange av funksjonane til avdelinga arealforvaltning og byggesak.

Plansjef

Jon Anders Stavang blir konstituert som plansjef. Jon Anders Stavang er i dag landbrukssjef. Stavang har lang og allsidig erfaring frå forsking (universitet og instituttsektor), og forvaltning (Statsforvaltaren). Stavang har doktorgrad frå NMBU. Stavang vil halde fram med å arbeide innan landbruksfeltet. Med sin breie bakgrunn og utdanning vil han styrke fagfelta kommunen dekkjer. Kommunen vil kjøpe eksterne tenester for å erstatte oppgåver innan landbruksfeltet slik at vi kan oppretthalde tilfredsstillande kapasitet og service. 

Byggesaksleiar

Frå 15. mai overtek Tiffany Huston som byggesaksleiar. Huston har høgskuleutdanning frå Høgskulen i Volda og har arbeidd i Kinn kommune sidan 2018. Vi kjenner henne som utviklings- og serviceorientert, og ein effektiv sakshandsamar. Heidi Dyrøy har hatt denne stillinga i dag, men ynskjer å jobbe med planoppgåver. Kommunen er i ein ekstraordinær situasjon knytt til talet på private og offentlege planar som er til handsaming.

Vi har lyst ut fleire stillingar

Planavdelinga i Kinn kommune har lyst etter tre nye medarbeidarar og førebur ei fjerde utlysing. Dette for å erstatte medarbeidarar som sluttar eller pensjonerer seg sommaren 2022, og for å styrke arbeidet innanfor geografiske informasjonssystem (GIS) og planarbeid. Dei som pensjonerer seg er Jan Osa (landbruk) og Johnny Årseth (oppmåling). Dei har hatt store deler av si yrkeskarriere i Flora og Kinn kommune. Marianne Grytten, arkitekt og planleggar, sluttar 1. juni og byrjar som arealplanleggar i Bergen kommune. Stillingane som er lyst ut kan du sjå her.

Auka handsamingstid i tida framover

Avdelinga prioriter for tida arbeidet med å ferdigstille kommuneplanen sin arealdel. Avdelinga har også prioritert dette arbeidet internt med å omdisponere ressursar. Men denne oppgava er særs omfattande. For byggenæringa, næringsliv og publikum vil dette vere ein særs viktig plan då den lettar arbeidet med å søke tiltak og få arealavklaringar.

Imidlertid betyr prioriteringa av arbeidet med kommuneplan, og mange opplæringsoppgåver, at sakshandsamingstida går opp. Fram til no har vi hatt ei gjennomsnittleg sakshandsamingstid på halvparten av dei lovpålagde fristane. I tida framover må publikum og næringsliv forvente ei handsamingstid opp mot lovpålagde fristar på 12 veker for både byggesaker og private planar.

Snart kan du enkelt kontakte og bestille møte med våre sakshandsamarar digitalt

Om kort tid lanserer vi på nettsida til Kinn kommune ei oversikt over våre tilsette der publikum kan legge inn ei melding, stille spørsmål, be om å bli ringt opp og bestille møte gjennom ein kalenderfunksjon. Vi er opptekne av å være forutsigbare og tilgjengeleg. Vi leitar etter betre måtar for publikum å kunne nå oss. Men vi ber om forståing for prioriteringar vi gjer, og oppmodar om å sende søknader på tiltak så tidleg som mogeleg slik at vi kan samarbeide best mogeleg om tiltak publikum ynskjer å få godkjenning av.