Kinn Kommune

Endring av vedtak om permittering av 10. trinn

Endring av vedtak om permittering av 10. trinn

Klikk for stort bilete Element5 Digital frå Unsplash Elevar i 10. trinn skal møte på skulen etter 8.juni. Vedtaket som blei gjort om å permittere elevane frå 8. juni er oppheva.

Den 28. mai informerte regjeringa om at det kjem nye retningslinjer for smittevern i skule og barnehage som gjelder frå 2. juni. I dei nye retningslinjene er 1 meters-regelen oppheva, og dette gjer det mogleg å fortsette skuleåret med fulle klassar på skulen og fulle avdelingar i barnehagane.

På bakgrunn av dette har Kinn kommune vald å oppheve vedtaket om å permittere 10. trinn frå 8. juni. Etter samråd med fylkesmannen i Vestland har ein funne at dette er riktig å gjere. Kvar skule vil kome med meir informasjon og plan for resten av skuleåret.