Kinn Kommune

Aktuelt

02.12.2022 15.29

Endeleg resultat frå rådgjevande folkerøysting

Endeleg resultat frå rådgjevande folkerøysting

Illustrasjon av ein stemmesetel og ei urne - Klikk for stort bilete

Her kan du sjå det endelege resultatet av den rådgjevande folkerøystinga i spørsmålet om deling av Kinn kommune. Valstyret har godkjent resultatet fredag 2. september. Det endelege resultatet inkluderer førehandsrøyster og valtingsrøyster. Du kan også sjå resultatet delt opp i nord og sør-Kinn. 

Her kan du sjå det endelege resultatet av den rådgjevande folkerøystinga om Kinn kommune (oppdatert 02.09) (PDF, 64 kB)

Forklaring til resultatet

I tabellen som vart publisert 1. september vart tala frå Skavøypoll og Raudeberg krins bytta om ved ein feil. Differansen mellom kryss i manntal og røyster totalt er grunna at framandrøyster ikkje var krinsfordelt i statistikken vår. Dette er no retta opp i.

Forklaring til avvik mellom totalt kryss i manntal og røyster totalt - gjeld førehandsrøyster

Det føreligg eit avvik på 12 røyster mellom totalt kryss i manntal og røyster totalt. Dette kan forklarast ved at det ved mottak av førehandsrøyster har skjedd at veljar ikkje har blitt kryssa i manntalet. 

Resultatet delt inn i nord og sør-Kinn

Totalt resultat frå sør-Kinn (PDF, 56 kB)

Totalt resultat frå nord-Kinn (PDF, 54 kB)

 

Meir informasjon om den rådgjevande folkerøystinga