Kinn Kommune

Elevane på 10. trinn vert permittert frå 8. juni

Elevane på 10. trinn vert permittert frå 8. juni

Klikk for stort bileteElevar på 10. trinn vert permittert frå 8. juni i år. Element5 Digital frå Unsplash Med bakgrunn i at undervisninga vert avslutta og at smittevern-tiltak ikkje gjev opning for større sosiale arrangement og skuleturar, har vi vedtatt å permittere elevane i 10.klasse frå og med 8.juni.

Grunna koronapandemien har dei siste månadane vore annleis for alle elevar i grunnskulen. Fyrst heimeskule i fleire veker, og dei siste vekene med ei anna organisering av skuledagen for mange. For 10.klasse vert det siste halvåret i grunnskulen ekstra særskilt då alle eksamenar er avlyst. Standpunktkarakterane vert dei avsluttande karakterane for 10.klasse. Standpunktkarakterane settast i god tid før skuleårets slutt for å ta i vare klagefrist og tid til handsaming av klager. Etter at standpunktkarakterane er sett, er elevane formelt sett ferdig med grunnskulen.