Kinn Kommune

Koronavirus

Råd og informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge si nettside. Lokal informasjon finn du her.

 

05.10.2020 10.56

Ekstraordinære midlar til kultur- og idrettsaktivitet

Ekstraordinære midlar til kultur- og idrettsaktivitet

Klikk for stort bileteVestland fylkeskommune delar ut ekstraordinære midlar til kultur- og idrettsaktivitet råka av koronasituasjonen. 

Søkjarane må vere offentlege eller private verksemder og aktiviteten støtta må vere lokalisert i Vestland. De finn søknadskriteria og elektronisk søknadsskjema på lenkja under. For spørsmål knytt til kven som kan søkje eller søknadshandsaming ta kontakt med dei fylkeskommunale kontaktpersonane. Fylkeskommunen skal fordele 17,8 millionar kroner i denne omgang. Ordninga har ikkje som hovudmål å dekkje tap som følgje av koronasituasjonen, men sikre aktivitet og gje høve til langsiktig planlegging. Dette gjeld aktivitet både i 2020 og 2021.

Søknadsfrist er 01. november. 
Klikk her for å søkje.