Eigedomsskatteliste for 2025Lytt til tekstenStopp avspillingEigedomsskattelista skal ligge ute til offentleg gjennomsyn i minst 3 veker etter at det er kunngjort at lista er lagd ut. Skattelista for 2025 er lagt ut til offentleg gjennomsyn i 4 veker frå måndag dag 27. januar, fram til 28. februar.Lista viser dei skattepliktige eigedomane med adresse, matrikkelnummer (gards- og bruksnummer), eigedomsskattetakstane, skattesatsen og utrekna eigedomsskattebeløp. Eigedomskatteliste 2025 - med fritak (PDF, 239 kB)Eigedomskatteliste 2025 - utan fritak (PDF, 2 MB)Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremjast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år. Klagen skal sendast ved å bruke det digitale klageskjemaet som du finn nedanfor, innan 6 veker etter datoen for kunngjering av eigedomsskattelistene. Dersom klagen ikkje kan sendast digitalt, må klagen sendast skriftleg til eigedomsskattekontoret.E-skjema: Klage på eigedomsskattPostadresse: Eigedomsskattekontoret i Kinn, Postboks 294, 6701 Måløy. Publisert 27.01.2025 07.00 Sist endra 29.01.2025 09.43