Kinn Kommune

Koronavirus

Nasjonal informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge og Folkehelseinstituttet.

Ingen nye koronasmitta personar i Kinn det siste døgnet (oppdatert 15. januar 2021).
15.01.2021 07.48

Driftstilpassingar i Kinn kommune i tida 4. til 18. januar

Driftstilpassingar i Kinn kommune i tida 4. til 18. januar

Klikk for stort bileteBeredskapsleiinga kjem med nye driftstilpassingar fram til 18. januar.

Med bakgrunn i regjeringa sine påbod og tilrådingar har beredskapsleiinga i Kinn kommune bestemt at:

  • Idrettsanlegga vert stengt for alt anna enn skulebruk
  • Havhesten er opna for alle (oppdatert 06.01.20)
  • Vi ønskjer ei mest mogeleg normal drift. Det vert difor ikkje innført ei generell ordning med heimekontor no
  • Drift av ungdomsskulane vil skje i samsvar med det som gjeld for «rødt nivå».  Det kjem eigne meldingar om dette til elevar og foreldre i løpet av måndag ettermiddag
  • Det vert gjennomført utvida reinhald i kommunale bygg og anlegg med prioritet på skular og barnehagar

Beredskapsleiinga oppmodar om at:

  • Alle unødvendige reiser vert unngått
  • Reisande mellom dei to kommunesentra bruker munnbind dersom dei ikkje klarer å halde 2 m avstand i 15 minutt

Oppdatert informasjon vert fortløpande lagt på kommunen si heimeside.