BDO si konsekvensutgreiing om deling av Kinn kommune er klarLytt til tekstenStopp avspillingBDO si konsekvensutgreiing er no tilgjengelegRådgjevingsselskapet BDO si konsekvensutgreiing ved deling av Kinn kommune er no tilgjengeleg. Statsforvaltaren i Vestland ga rådgjevingsselskapet BDO oppdrag om å lage ei utgreiing av konsekvensar ved deling av Kinn kommune. BDO sitt oppdrag har vore å utgreie konsekvensar ved at Kinn kommune delast tilbake til dei to gamle kommunane Vågsøy (ekskl. Bryggja) og Flora. Konsekvensutgreiing ved deling av Kinn kommune (PDF, 582 kB) Vedlegg 1: Anslag sum frie inntekter for Vågsøy og Flora (ODS, 21 kB) Vedlegg 2: Balanse (ODS, 15 kB) Kva gjer Statsforvaltaren vidare? I dag skal rapporten presenterast for Statsforvaltaren og administrasjon og politikarar i Kinn. Etter at rapporten er presentert, sender Statsforvaltaren eit brev til Kinn kommune om at kommunestyret får høve til å uttale seg før det blir gjort vedtak. Vestland fylkeskommune og nabokommunane (Stad, Bremanger, Sunnfjord, Gloppen og Askvoll) får òg mogelegheit til å kome med uttale om deling av Kinn. Statsforvaltaren skal deretter sende si utgreiing med tilråding til departementet. Les meir på Statsforvaltaren i Vestland si heimeside. Presentasjon frå BDO til administrasjon, politikarar og Statsforvaltaren finn du nedanfor. Presentasjonen oppsummerer innhaldet i rapporten. Presentasjon av BDO si konsekvensutgreiing av kommunedeling (PDF, 515 kB) Publisert av Henrik Ulriksen Publisert 14.07.2022 09.49 Sist endra 14.07.2022 15.25