Kinn Kommune

Aktuelt

23.05.2022 08.00

Alle over 18 år kan no få influensavaksine i Kinn!

Alle over 18 år kan no få influensavaksine i Kinn!

Influensavaksinering - Klikk for stort bileteDet er no opna for at alle over 18 år kan få influensavaksine i Kinn kommune. Kontakt Legegruppa SMS på tlf. 57758000 for influensavaksinering i Florø, eller Måløy legekontor på tlf. 57845230 for influensavaksinering i Måløy. 

Eigenandelen er på 200 kr dersom du ikkje er i risikogruppene nemt nedanfor, og det er 50 kr i eigenandel dersom du er i risikogruppe.

Kven bør vaksinere seg?

Personar i følgande risikogrupper bør ta influensavaksine årleg:

  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine.
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år.

Barn og unge vaksne med:

  • kronisk lungesjukdom (inkludert astma).
  • hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert blodtrykk).
  • diabetes type 1 og 2.
  • leversvikt eller nyresvikt.
  • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsatt lungekapasitet og/eller hostekraft.
  • nedsett immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (t.d. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdomar).
  • svært alvorleg fedme (KMI over 40).
  • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, eller individuell vurdering av lege (t.d. personar med medfødde kromosomavvik, genetiske sjukdomar og samansatte kromosomavvik som ikkje er klassifisert ein annan stad).

I tillegg vert det anbefalt med influensavaksine til: