1. tertialrapport 2023

Nærbilde av Kannesteinen i Måløy - Klikk for stort bilete

Kommunedirektøren legg med dette fram 1. tertialrapport 2023 for Kinn kommune.

1. tertialrapport 2023 - Framlegg til kommunestyret

Kommunedirektøren si vurdering

Rapporten stadfester at økonomien vår framleis er krevjande.

Oppbygging av fond

Rekneskapsresultatet for 2022 var godt, då bufferfond auka til 4% av bruttoinntekta, men prega av underliggjande meirforbruk i tenestene. I Kinn kommune si korte levetid har ein trass alt klart å sette av ressursar til seinare års forbruk og unngått underskott. Planane framover byggjer på ei normal folketalsutvikling, truleg færre barn, men med årleg variasjon i høve innvandring og vesentleg auke i tal eldre. Dei store investeringane gjer at presset på effektivsering er særs høgt i åra som kjem når nye rente- og avdragskostnader kjem til.

Ubalanse i drifta

I månadsrapporten for mars 2023 viste vi tilpassingar av budsjett i 2023 opp mot kva resultat vi har oppnådd. Rapporten peika på god gjennomføringsgrad av budsjettreduksjonar. Vi effektiviserer i eit høgt tempo, men så får vi driftsutfordringar attende då rammene er knappe, og meirforbruk kjem andre stader. Vi har meirforbruk på drift- og vedlikehald av bygg og vegar. Tenestene innan pleie- og omsorg, skule og barnehage viser og underskott. Meirforbruket er større enn varsla etter 3 mnd. Tenestene sitt meirforbruk, inkludert VA er på kring 30 mill. kr.

Prognosen er urovekkjande

Det er stor uvisse om Kinn kommune vil oppnå budsjettert skatteinntekt for 2023. Vi må også ta omsyn for 19,335 millionar kroner meir enn i opphavleg budsjett for å dekke auka løns- og prisvekst frå 3,7% til 5,2%. Kommunestyret har allereie disponert høgare skattevekst enn løyvd over statsbudsjettet. Vi må då sjølv finansiere den auka løns- og prisveksten med netto 13,343 millionar kroner. Kommunedirektøren vil kom attende med nøye gjennomgang i formannskapet og vise mogelege tiltak.

Bruk av disposisjonsfond

Ved inngangen til 2023 stod det att eit samla disposisjonsfond på 72,9 millionar kroner i balanserekneskapen. I opphavleg budsjett for 2023 er det allereie tatt høgde for å balansere drifta med bruk av 27,4 millionar kroner. Prognosen for 2023 viser at kommunen mogleg må bruke heile 61,8 millionar kroner av bufferfondet for å balansere driftsøkonomien. Då er det innarbeidd 7,5 millionar kroner i skjønsmidlar knytt til grensejusteringa på Bryggja. 

Dersom prognosen for 2023 blir realisert vil kommunen sitte att med eit disposisjonsfond på berre 17,0 millionar kroner ved utgangen av året. I revidert budsjett er det lagt til grunn at kommunen vil sitte att med eit disposisjonsfond på 43,9 millionar kroner 31.12.2023. Det er det teke inn i rapporten bruk av fond opparbeidd i KF Kurs sin rekneskap for 2022 på 8 mill. kr. Kommunestyret må ta stilling til dette, men kommunestyret har høve til ei slik disponering og rår over ressursane til føretaka.

Stigande investeringsutgifter utover i planperioden

Kommunestyret har handsama investeringsprosjekta for ny institusjon og Skram skule. Prognosen tyder på at prosjekt blir dyrare enn budsjett- og økonomiplanrammene. I orientering knytt til framlegging av sakene har ein med eit forsiktig estimat anslått meirutgiftene på 200 mill. kr. fordelt over investeringsperioden. Det er no vanskeleg å sjå korleis desse skal handterast i rullering av økonomiplan.  

Kommunestyret skal også før sommarferien ta stilling til Storhallen i Vest og Nordfjordbadet med ei samla investeringsramme på nærmare 400 mill. kr. Slik sakene blir framlagt til politiske handsaming manglar ein finansiering for 150 mill. kr. Badeanlegg og hallkapasitet er viktige samfunnsfunksjonar, og har ein stor andel private gåver, men det bør jobbast meir med omsyn på finansieringsløysingane, mogeleg prosjektjusteringar, før det kan gjevast klarsignal til å starte dei.

Avvik på omstillingsprogrammet

Utval for politisk organisering skulle oppnå budsjettilpassing, men innstillinga viser at ein ikkje når dette budsjettmålet. Det er vanskeleg å sjå føre seg vedtak i sak om kjøkkendrift som samla sett reduserte kostnader. Revisjon av brannordninga viser at vi ikkje har høve til å gå så mykje ned på ressursane som lagt til grunn i økonomiplan utan å komme i konflikt med sentrale forskrifter for bemanning.

Lånegjeld, finansielle mål og omstilling

Kinn kommune har brukbare inntekter, men vi er dyre i drift samanlikna med andre og har vesentleg høgare gjeldsgrad. Økonomiplan legg til grunn omstilling og effektivisering på brutto kring 200 mill. kr over 4 år. Sjølv om dette er vanskeleg meiner kommunedirektøren at vi må jobbe for for betre ressursutnytting enn vi har i dag. Nedtrekk på ramma for færre elevar skal vege opp mot naturleg auke til fleire hjelpetrengande. I sum står økonomiplanen fram som særs utfordrande å gjennomføre med mindre ein ikkje vedtek endringar.

Sjølv om omstillingane er i startgropa har vi likevel vanskar med gjennomføring, enten fordi dei kan vere planlagt for optimistisk, blir møtte med motkrefter eller krev større modning for gjennomføring. Kommunedirektøren ser at viljen til omprioriteringar fell vekk når prioritering har konsekvensar for ei interessegruppe, gruppe tilsette, gruppe innbyggarar eller utfordrar eit politikkområde.

Gjennom kommuneplanen sin samfunnsdel har ein likevel eit verktøy for å tenkje langsiktig på tenesteutvikling, omstille og innarbeide finansielle mål. Nyttar kommunen i større grad handlingsreglar for lånegjeldsutvikling sett i samanheng med demografiutvikling og omstilling, vil ein kunne jobbe betre. Kanskje må ein bruke noko meir tid på omstilling og fordele investeringar over lenger tidshorisont enn ein i utgangspunkt hadde tenkt. Kort og godt, ein må gje seg tid til å gjer eit godt stykke arbeid. 

Kommunale investeringar i anlegg og tenester har mindre å seie for tilflytting, det viser nasjonale flyttestatistikkar og vår eigen innbyggarundersøking frå april 2023. Tilflyttarar legg mest vekt på familie og arbeid som flyttemotiv. Samarbeid på tvers i lokalsamfunnet og godt forhold mellom politikk og administrasjon er av Telemarksforsking trekt fram som viktigast for utviklande kommune. 

Ressursrik -og næringsrik kommune

Kommunen er særs rik på naturressursar, har gode framtidsmoglegheiter, rikt foreiningsliv  og eit sterkt næringsliv. Kommuneorganisasjonen har stor endringsvilje. Sjølv om Kinn kommune har eit stort vekstpotensiale, er sentralisering og effektivisering i næringslivet og statleg sektor, trussel for arbeidsplassutvikling. Dette har her mykje å seie for folketalsutviklinga. Kommuneplanen sin arealdel er kommunen sitt viktigast verktøy for industri- og næringsutvikling, også med vekt på nye grøne næringar.

Integrering av flyktningar som viktigaste vekstimpuls

I 2022 og 2023 (truleg) vil vi bli beden om å ta i mot eit stort tal flyktningar. Dette gjorde at vi fekk nettotilvekst med 48 personar i 2022. Flyktningane bidreg til at vi må sett av ressursar til fleire elevar og klassar. Men innbyggjartalet har ikkje stege så mykje som inntektsføresetnadene i budsjettet for 2023 bygger på. 

Sentraladministrasjon

Det vert jobba med ny leiing og styringsstruktur. Planlagt ferdigstilling hausten 2023.

Kjøkken 

Kommunedirektøren la fram sak om kjøkken i Måløy til formannskapet i mars. Formannskapet meinte det ville vere rett å avvente til seinare møte.

Avslutningsvis har vi ei krevjande jobb fram mot nyttår for å jobbe med å redusere driftsutgiftene så mykje som mogeleg for å minimere fondsbruken.