Kinn kommune har som mål at informasjonstryggleik
og personvern skal vere ein naturleg del av verksemda vår.
For å kunne utøve mynde og tilby deg gode tenester,
må vi handsame opplysingar om deg elektronisk eller i eit register.
Personvernerklæringa viser korleis vi handsamar personopplysingane dine, kva
opplysingane blir nytta til og kva for rettar du har.
Grunnprinsipp
Kommunen har som grunnprinsipp at
personopplysingar skal handsamast:
-
lovleg, rettferdig, korrekt og med openheit.
konfidensielt,
verna mot utilsikta endring og tilgjengelege for føremålet.
slik
at opplysingar som er samla inn til bestemte føremål, ikkje seinare blir
brukt på ein måte som er i strid med dette.
slik
at opplysingar som er samla inn til konkrete føremål berre blir nytta til
det konkrete føremålet, og ikkje blir lagra lengre enn det som er naudsynt
eller pålagt.
slik
at opplysingane er oppdaterte.
Meir informasjon finn du her: personopplysningsloven og personvernforordningen
artikkel 5
Føremål
Føremålet med handsaminga er å tilby deg offentlege
tenester eller utføre lovpålagte oppgåver.
Kva er grunnlaget for at vi kan handsame
personopplysingane dine?
For at vi skal kunne handsame opplysingar om deg må
vi ha eit rettsleg grunnlag. Det kan til dømes vere at du har gitt oss samtykke
til å handtere personopplysingane eller vi skal oppfylle ein avtale med deg.
Det kan og vere naudsynt for at vi skal oppfylle ei rettsleg plikt eller utøve
offentleg mynde. Dersom handsaminga er basert på samtykke, har du rett til å
trekke samtykket tilbake kva tid som helst. I visse tilfelle kan du også
protestere mot handsaminga.
Nokre gonger er det og eit lovfesta eller
avtalefesta krav at du må gi oss personopplysingane dine.
Personopplysningsloven og personvernforordningen artikkel 6 – 11 og 21 gir
utfyllande informasjon.
Innsyn
Som hovudregel har du rett til innsyn i dei
opplysingane vi handsamar som gjeld deg. Du har og krav på å få informasjon om
sjølve handsaminga.
For å få innsyn må du kontakte tenesta eller
eininga som utfører handsaminga. Du kan be om å få kopi av opplysingane som er
registrert.
Du kan lese meir om dette i Personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 12 og 15.
Rett til å få korrigert urette personopplysingar
Dersom våre opplysingar om deg ikkje er rette, har
du og rett til å få korrigert desse. Det gjeld også dersom vi ikkje har
fullstendige opplysingar om deg.
For å få korrigert urette eller ufullstendige
personopplysingar må du kontakte tenesta eller eininga som utfører handsaminga.
Personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 12 og 16 har nærare
reglar for dette.
Rett til avgrensa handsaming
I einskilde tilfelle kan du og krevje at
handsaminga av personopplysingane dine blir avgrensa. Dette kan til dømes
skuldast at du meiner personopplysingane dine ikkje er rette og det vil ta tid
å vurdere dette.
Du kan då kontakte tenesta eller den aktuelle eininga.
Meir informasjon om dette finn du i Personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 12 og 18.
Overføring av personopplysingar
I nokre tilfelle kan du ha rett til såkalla
dataportabilitet. Det vil seie at du kan krevje å få overført
personopplysingane frå oss til nokon andre. Denne retten har fleire unnatak.
Retten gjeld mellom anna ikkje dersom vi handsamar personopplysingane dine for
å utføre ei oppgåve i ålmenta si interesse eller vi utøver offentleg mynde.
Reglar om dette finns i Personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 12 og 20.
Rett til å få sletta personopplysingar
Du kan ha rett til å få sletta opplysingar om deg
sjølv. Denne retten har og unntak. Til dømes gjeld retten ikkje for opplysingar
som er arkivpliktige eller er naudsynte for å kunne krevje eller forsvare
rettskrav.
Vi viser elles til personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 12 og 17 og
arkivregelverket.
Kven deler vi personopplysingane dine med?
I einskildhøve blir personopplysingane dine
formidla til andre. Det kan vere samarbeidsorgan (til dømes NAV og Husbanken)
eller andre som vi har plikt til å gje informasjon. Det kan til dømes og vere
driftsleverandørar eller andre som må utføre sine oppgåver og der igjennom har
tilgang til dine opplysingar.
Flora kommune vil i slike tilfelle alltid sikre seg
at utvekslinga er basert på lovleg grunnlag, at teieplikta vert halden og at
naudsynte avtalar blir gjort gjeldande.
Opplysingane kan i samband med dette òg bli
overført til land utafor Europa.
Innebygd personvern og personvern som
standardinnstilling
Vi vil sjå til at personopplysingane dine er godt teknisk
sikra. Vi vil og ta omsyn til den risiko som handsaminga kan ha for deg. I
tillegg vil vi gjere andre tiltak for å byggje under dei grunnprinsippa vi
nemnde innleiingsvis. Dersom noko går gale, vil vi og ha beredskapsplanar for
dette.
Nemnde plikt går fram av personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 24 og 25.
Informasjonskapslar
Våre nettsider nyttar
informasjonskapslar (cookies) for å tilby deg tilpassa nettenester og gje deg
ei god brukaroppleving. Ein informasjonskapsel er ei lita tekstfil som lagrast
på maskina di.
Personvernombod
Kinn kommune har eit
eige personvernombod. Ombodet skal bidra
til at vi følgjer krava i regelverk og vere bindeledd mellom deg og kommunen
dersom du treng hjelp knytt til personvernrettane dine.
Du kan kontakte
personvernombodet på epost: personvernombod@kinn.kommune.no.
Klage til Datatilsynet
Du kan klage til Datatilsynet viss du ikkje er nøgd
med korleis vi handsamar personopplysingane dine, eller du meiner handsaminga
er i strid med personvernreglane. Informasjon om korleis du går fram finn du på
nettsidene til Datatilsynet.
Kontaktopplysingar
Kinn kommune er ansvarleg for handsaminga og kan
kontaktast via
E-post: postmottak@kinn.kommune.no
Telefon: 57 75 60 00
Postadresse: Postboks 294, 6701 Måløy
Saksdokument i kommunen er som hovudregel
offentlege. Send difor ikkje e-post til kommunen med informasjon som du ikkje
ønsker skal bli allment kjent.
Kommunen har etter arkivlova plikt til å føre offentleg
journal. I journalen skal all korrespondanse til og frå kommunen førast.
Dette er ei kortfatta
personvernerklæring med hovudreglar. Dersom det er skilnad mellom den og
personvernlovgjevinga eller anna regelverk, er det sistnemnde som gjeld.