Kinn Kommune

Kalender

Møteplass – Helsefremmande dialog mellom pårørande og fagfolk

tysdag 4. februar 2020, 18.00 - 20.30

Informasjon

Vi inviterer med dette deg og dine kollegaer til å delta på møteplass tysdag 4. februar 2020 kl. 17.30 - 20.30, på Nordfjordeid.
 

Møteplass er eit relativt nytt tilbod i Sogn og Fjordane, og eit samarbeid mellom Helse Førde, lærings- og mestringssenter, kommune og LPP. Sidan hausten 2018 har det vore arrangert 3 Møteplassar i halvåret i Nordfjord.

Tema 4. februar 2020: «Når pårøranderolla blir heile livet…r»

Tidspunkt og varighet

Møteplass varer fra kl. 18:00-20:30.

Pårørande er velkommen fra kl. 17:30 for enkel servering og småprat.

Fagpersonar og Møteplassteam deltek på formøte kl. 17.00-17.30 og ettermøte kl. 20.30- 21.00.

Stad:

Eid Rådhus – Kantina i 2. etasje

Påmelding:

MØTEPLASS (MP) er ein arena for eit likeverdig møte og gjensidig læring mellom pårørande og fagfolk, der pårørendes situasjon er i fokus.
Her møtes pårørande og fagfolk til ein likeverdig dialog om korleis det er å leve tett på familiemedlemmer med psykiske utfordringar, og korleis hjelpeapparatet fungerer innan det psykiske helsefeltet.

MØTEPLASS I NORDFJORD

Det er ulike tema for kvar Møteplass, tema blir fastsett av det lokale Møteplass-teamet.

I Nordfjord består dette teamet av 2 fagpersonar frå Eid kommune, 2 frå Stryn kommune, 2 frå Nordfjord Psykiatrisenter og koordinator frå Lærings- og mestringssenteret.

I tillegg har vi med oss 1-2 pårørandeguidar, som både deltek i planlegging og gjennomføring av tilbodet.

Taushetsplikt

Deltakarar på Møteplass har gjensidig moralsk taushetsplikt mht. alt av personleg karakter som blir delt. Møteplass er eit fortruleg rom der alt ein deler "forblir i rommet".

Informasjon finn de også på LPP sine heimesider:

http://www.lpp.no/lokallag/moteplass/

Vedlagd finn du også brosjyre som kan delast ut til kollegaer, pårørande og andre aktuelle samarbeidspartnarar.

Håpar de har anledning å møte!

Stad

Eid rådhus
 

Kontakt

Legg til hendinga i din kalender