Kinn Kommune

Kalender

Oppstart av parkinsongruppe

måndag 17. februar 2020 12.30 - måndag 27. april 2020 00.00

Informasjon

Fysio- og ergoterapeut ilag med musikkterapeut startar ny treningsgruppe for personar med Parkinson. Gjennom bruk av rytme og musikk ynskjer vi å betre og oppretthalde deltakarane sin funksjon. Treninga vil ha fokus på bla. kondisjon, stemme, pust, koordinasjon og balanse. 

Kriterie for deltaking:

  • Heimebuande 
  • Opplever å ikkje meistre å utføre alle daglege gjeremål
  • Opplever auka risiko for fall og funksjonssvikt
  • Går mindre ute/ generelt
  • Er motivert for å ta ansvar for eiga helse
  • Kan følge instruksjon
  • Må kunne delta både måndag og onsdag i 10 veker

Før og etter gruppestart vert alle kandidatar individuelt vurdert og kartlagt med utvalde kartleggingsverkty. Deltakarane får eige informasjonsskriv om gruppetreninga. 

Stad: Florø omsorgssenter, treningsrommet på dagavdelinga.

Treningstider: 
Oppstart: 17.02.2020, kvar måndag og onsdag i 10 veker. Klokkeslett 12.30 til 13.30.

Eigendel for deltaking jf. forskrift om stønad til dekking av utgifter til fysioterapi, eigendelstak 2. Per 01.01.2020 er eigendelen på kr 97 per time. Frikort blir sendt brukar automatisk frå HELFO når taket på eigendel er nådd, per i dag kr. 2176,-.

Transport: I utgangspunktet må deltakar kome seg til og frå treninga sjølv. Det vert tinga drosje til dei som treng det gjennom pasientreiser. Deltakar må betale eigendel etter eigendeltak 1.

Påmelding: Send tilvising/ PLO – melding til Florø Fysio – og ergoterapiteneste og/eller oppmode brukar til å ta kontakt og melde si interesse innan 07.02.2020

Leni Myklebust, sekretær, Florø fysio- og ergoterapitenesta. Telefonnummer: 95 71 00 60.

Stad

Florø omsorgssenter
 

Kontakt

Fysio- og ergoterapitenesta
 

Leni Myklebust
Legg til hendinga i din kalender