Kinn Kommune

Kalender

Informasjon om styrke- og balansegruppe for eldre

tysdag 3. mars 2020 - tysdag 12. mai 2020, Heile dagen

Informasjon

Det blir ny runde med styrke- og balanse gruppe for eldre i regi av kommunale fysioterapeutar. 
 

Kriterie for deltaking i gruppa:

  • Heimebuande
  • Deg som ønsker rullator eller arbeidsstol for første gong.
  • Opplever endra/fall i funksjon
  • Går mindre ute/generelt
  • Er motivert
  • Må kunne forholde seg til avtalar
  • Må kunne ta instruksjon
  • Må kunne delta i gruppesamanheng

Eigendel for deltaking: Det er eigendel for å delta i gruppe, jf. forskrift om stønad til dekking av utgifter til fysioterapi, eigendelstak 2. Per 01.01.20 er eigendelen på kr. 97 per time. Frikort til brukar vil bli sendt automatisk frå HELFO når taket på eigendel er nådd, per i dag kr. 2176.

Transport: Deltakar må i utgangspunktet kome seg til og frå treninga sjølv. Det vert tinga drosje gjennom pasientreiser til dei som treng det, og deltakar må betale eigendel etter eigendeltak 1.

Før og etter gruppestart vert alle kandidatar individuelt vurdert og kartlagt med utvalde kartleggingsverktøy. Deltakarane får eit eige informasjonsskriv om gruppetrening.

Send tilvising/PLO-melding til Florø fysio- og ergoterapitenesta og/ eller oppmode brukar om å ta kontakt og melde si interesse innan 14.02.2020: 

Leni Myklebust, sekretær, Hovudnummer: 95 71 00 60.
 

Stad

Florø omsorgssenter
 

Kontakt

Fysio- og ergoterapitenesta
 

Leni Myklebust
Legg til hendinga i din kalender