Kinn Kommune

Bli med på vårryddedagen 18. mars!

Bildet viser to personer i ei fjære som rydder søppel i ein stor bosspose. I bakgrunnen ser ein berg og høge tre - Klikk for stort bilete Fjordane friluftsråd

18. mars er den store vårryddedagen, ein nasjonal ryddedugnad for å gjere naturen fri for eigarlaust avfall på avvege. Vi er avhengig av hjelp frå frivillige, både for å gjere naturen fin til vår og sommar, og ikkje minst for å rydde før sjøfugl kjem for å hekke på holmar og skjær langs kysten vår. 

Dato
18. mars 2023
Tid
0:00 - 23:55
Stad
Kinn kommune

I den forbindelse ønsker Fjordane Friluftsråd og Hold Norge Rent å ha med så mange som mogleg på ryddedugnad, og inviterer lag, organisasjonar, privatpersonar og skuler til å arrangere sin eigen ryddeaksjon. De kan rydde både på strand/fjære, vassdrag og i by/bygd.

Dersom ein ønsker å rydde andre dagar enn 18. mars er man hjarteleg velkommen til det også, så lenge det er før 15. april. 

Hent utstyr nær deg

Hent ryddesekk og ryddehanskar hos eit av utleveringsstadane våre (typisk kommunehus, renovasjonsselskap eller lokal butikk, Klikk her for å finne utleveringsstad nær deg.

Bestill gratis utstyr

Det kan òg bestillast ryddeutstyr gratis hos Hold Norge Rent.

 

Kvar gjer eg av avfallet?

Vi organisera innleveringsplassar for eigarlaust avfall i alle våre medlemskommunar. Finn din kommune på vår nettside her.

Før du levera avfallet må du opprette ein ryddeaksjon i Rydde.

Er du/dykk ny på strandrydding, eller lura på kva ein bør tenke på når dykk skal rydde? Les meir på vår nettside.

Kystlotteriet - Plukk søppel og vinn premiar

Når dykk ryddar kan dykk vere med i trekninga av mange fine premiar. Dette gjer de slik:

  • Her kan du hente og levere inn Kystlotteriets ryddesekker
  • Scan QR-koden på sekken eller klikk på lenka under og følg instruksjonane for å registrere sekken og motta lodd
  • Lever sekken til godkjent avfallsmottak, utsatt container eller avtal handtering med Fjordane Friluftsråd.
  • Registrer aksjonen her, eller bruk rydde-appen på mobil. Knytt aksjonen til Fjordane Friluftsråd!
  • Del gjerne bilde av ryddeaksjonen på sosiale medier med #fjordanefr #kystlotteriet