Kinn Kommune

Aktuelt

02.12.2022 15.29

Skal vi bruke pengar på kunst? Bli med på debatt på Vesle Kinn torsdag 1. desember!

Kommunen inviterer til debatt om kva kunst i offentlege rom skal vere. - Klikk for stort bileteKva kan kunst i offentlege rom vere? Bli med på debatt og informasjon på Vesle Kinn! Kinn kommune, Frida Rogne

Dette blir første treffpunkt i ein serie der vi inviterer til ny kunnskap og debatt om kunst i offentlege rom.

Dato
1. desember 2022
Tid
18:30 - 21:00
Stad
Vesle Kinn

I våre vedtekne retningsliner står det at «kunst i kommunale bygg og uterom har som hensikt å legge til rette for kunstopplevingar for alle innbyggarane i kommunen, og bidra til eit levande kunstmiljø”. Det heiter vidare at “ved kommunale byggeprosjekt skal det settast av mellom 0,5% og 1% av byggets entreprisekostnad til kunst i kommunale bygg.”

Kva kan kunst i offentlege rom vere? Kvifor? Og korleis?

Bli med på debatt!

Kor?
Vesle Kinn, Strandgata 28, Florø.

Når?
Torsdag 1. desember, kl. 18.30.

Dørene opnar kl. 18.00 - arrangementet er gratis og vert strømma.

Program

Velkommen v/Dag Frøyen, Firdaposten og Sidsel Fænn Kongsvik, varaordførar i Kinn

Kvifor skal kommunane engasjere seg i kva dei offentlege romma blir brukte til?
Per Morten Ekerhovd, avdelingsdirektør for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune

Korleis gjer Kinn kommune dette i praksis?
Leif Magne Gil, leiar i oppvekst- og kulturutvalet
Rolf Bjarne Sund, kommunalsjef for samfunn, kultur og miljø
Ronny Silden Totland, fungerande kultursjef

Spørsmål / debatt
Dag Frøyen, journalist i Firdaposten leier debatten.

Arrangør: Kinn kommune i samarbeid med Firdaposten. Arrangementet er støtta av KORO.
Ev. spørsmål kan rettast til Margit Drivenes Kløvfjell eller Anita Solbakken i Kinn kommune.

Informasjon om hendinga

Pris vaksen
0

Arrangør

Kinn kommune