Oppstart av parkinsongruppe

Treningsgruppe for personar med Parkinson, i regi av fysio-, ergo- og musikkterapeut. Gjennom bruk av rytme og musikk vil deltakarane betre og oppretthalde funksjonen sin. Treninga vil mellom anna ha fokus på kondisjon, stemme, pust, koordinasjon og balanse.

Tidspunkt
Måndag 15.01.2024 12.30 - torsdag 21.03.2024 13.30
Stad
Havglytt

Kriteria for deltaking:

  • Heimebuande med få heimebaserte tenester.
  • Opplever endring/fall i funksjon som påverkar utføring av kvardagslege gjeremål.
  • Nedsett innandørs og/eller utandørs mobilitet.
  • Er motivert for å ta ansvar for eiga helse.
  • Ein må kunne ta instruksjon.
  • Ein må kunne delta i ei gruppe saman med andre.
  • Ein må ha anledning til å kunne delta både måndag og torsdag i 10 veker.
  • Ein må kunne halde seg til avtalar (obligatorisk oppmøteplikt).

Alle nye som skal vere med i gruppa vert testa på førehånd. Deltakarane får eige informasjonsskriv om gruppetreninga. 

Stad: Havglytt.

Treningstider:
Oppstart: 15.01.24, kvar måndag og torsdag i 10 veker.
Klokkeslett 12.30 til 13.30.
Deltakarane må betale eigendel for deltaking jf. forskrift om stønad til dekking av utgifter til fysioterapi, eigendelstak. Per 01.01.2023 er eigendelen på kr 102 per time.

Du kan finne frikortet digitalt og sjekke registrerte eigendelar og administrere eige kontonummer ved å logge deg på tenesta «frikort og eigendel» på helsenorge.no. Eigendelstaket er 3040 kr for 2023.

Transport: 
I utgangspunktet må deltakar kome seg til og frå treninga sjølv, men for dei som treng det, vert det tinga drosje gjennom pasientreiser. Deltakar må og betale eigendel for transport etter eigendeltak.

Påmelding: 
Send tilvising/PLO – melding til Florø Fysio – og ergoterapiteneste og/eller oppmode brukar til å ta kontakt og melde si interesse innan 09.01.2024.

Therese Slack, fysioterapeut, Florø Fysio- og ergoterapiteneste
Telefonnummer: 95 71 00 60/57
Epost:  kinn.ffe@kinn.kommune.no