Kinn Kommune

Aktuelt

25.05.2022 08.32

Møteplass for helsefremmande dialog mellom pårørande og fagfolk: sorg - når livet ikkje vart som forventa

MØTEPLASS er ein arena for eit likeverdig møte og gjensidig læring mellom pårørande og fagfolk, der pårørande sin situasjon er i fokus.
Her møtast pårørande og fagfolk til ein likeverdig dialog om korleis det er å leve tett på familie-medlemmer med psykiske utfordringar, og korleis hjelpeapparatet fungerer innan det psykiske helsefeltet.

MØTEPLASS blir drifta i eit samarbeid mellom LPP og

  • helseføretak
  • lærings- og meistringssenter
  • kommunar
  •  brukarorganisasjonar, brukarstyrte senter eller andre lokale/regionale aktørar
Dato
1. februar 2022
Tid
17:30 - 20:30
Stad
Eid rådhus

TID/STAD: Tysdag 01.02.-2022, kl. 17.30-20.30Eid Rådhus – Kantine 2. etasje

TEMA: «Sorg – Når livet ikkje vart som forventa»

 PÅMELDING til:

  • Kristin Heimlid Øiestad– Tlf: 92 62 10 76
  • LPP v/ Astrid Gytri – Tlf: 90 13 89 82  - E-post: lpp.sfj@lpp.no