Kinn Kommune

Styrke- og balansegruppe for eldre

Vi skal starte opp igjen med styrke og balanse gruppe for eldre i regi av kommunale fysioterapeutar.

Tidspunkt
Tysdag 01.03.2022 10.30 - torsdag 12.05.2022 13.00
Stad
Florø omsorgssenter

Kriterie for deltaking i gruppa:

  • Heimebuande
  • Som ynskjer rullator eller arbeidsstol for første gong
  • Opplever endra/ fall i funksjon
  • Går mindre ute/ generelt
  • Er motivert
  • Må kunne forhalde seg til avtalar
  • Må kunne ta instruksjon
  • Må kunne delta i gruppesamanheng
     

Stad: Florø omsorgssenter, treningsrommet på dagavdelinga

Treningstider:
Oppstart 01.03.22 med trening kvar tysdag og torsdag i 10 veker.
Gruppe 1 - kl. 10.30 til 11.30
Gruppe 2 - kl. 12.00 til 13.00

Eigendel for deltaking jf. forskrift om stønad til dekking av utgifter til fysioterapi, eigendelstak. Per 01.01.2022 er eigendelen på kr 102 per time.  
Du kan finne frikortet digitalt og sjekke registrerte eigendeler og administrere eige kontonummer ved å logge deg på tenesta «frikort og eigendel» på helsenorge.no. Eigendelstaket er 2921 kr for 2022.

Transport: I utgangspunktet må deltakar kome seg til og frå treninga sjølv. Det vert tinga drosje til dei som treng det gjennom pasientreiser. Deltakar må også betale eigendel for transport etter eigendeltak.  

Før og etter gruppestart vert alle kandidatar kartlagt med utvalde kartleggingsverkty og individuelt vurdert. Deltakarane får eit eige informasjonsskriv om gruppetrening.

Påmelding: Send tilvising/ PLO – melding til Florø Fysio – og ergoterapiteneste og / eller oppmode brukar til å ta kontakt og melde si interesse innan 22.02.2022  

Leni Myklebust, sekretær Florø Fysio- og ergoterapiteneste
Telefonnummer: 95 71 00 60